English

Sandegga

Ålesund

Kort om turen

Ein lang og svært variert tur; med kryssing av elvar etappar over myrar og moreneryggar, skredmark og ur før du til slutt kjem opp i området som har dei minst besøkte toppane på Vaksvikfjellet. Snøfritt frå slutten av juli.

Ruteskildring

Denne turen er langt på veg den same som turen på Fremste Skorkja og følgjer i starten same råsa som turane mot Grytavatnet og Lauparen. Når du har kryssa den første elva du møter, skal du orientere seg i retning mot sør, mot Litlebotnen. Du kan gjerne krysse både Grytagrova og elva frå Litlebotnen ganske kjapt. Her er det eit stykke dårleg med rås, men held du fram på vestsida av den siste elva du kryssa, finn du etterkvart ei rås mot søraust. Den bør du følgje til er du på høgde med ei hytte (avmerka på kartet på høgde 629). Då dreiar du først mot sør og så mot søraust igjen. Du vil då finne grei rås på austsida av elva heilt til Litlebotnsvatnet. Ved Litlebotnsvatnet er det greitt med ein pause, før du held fram på råsa på austsida av vatnet. Denne går eit stykke frå vatnet, og du bør ikkje starte oppstigninga før du har kome halvvegs inn i botnen og ser ei grøn skrede som er grei å følgje opp mot bandet mellom Fremste Skorkja og Sandegga. Råsa forsvinn etterkvart som du kjem opp i ura, men her er ikkje vanskeleg å gå. Når du når bandet får du ei fantastisk utsikt mot Storbotnshornet, Grytavasstinden, Svartvassegga, Lauparen og Sunnmørslauparlægda. Går du heilt fram på kanten ser du rett ned i Grytavatnet og vatna i Trollbotnen og Isbotnen. Du kan godt legge ein tur nordover til toppen av Fremste Skorkja. Men toppen av Sandegg har du no søraust for deg. Etter ein knapp kilometer gange og ei enkel oppstigning i ur og fjell, opnar utsikta mot sør og aust seg. Du ser no fjella i Stordal, Nordal, Stranda og Sykkylven. Sandegga har nok fått namn etter egga mot sørvest. Den er i starten noko smal, men ikkje luftig eller vanskeleg å passere. Har du tid og meir energi på lager kan du (i allefall dersom du har ordna deg med returskyss) halde fram langs Sandegga og vidare rundt heile Litlebotnen til Heimste Skorkja/Sandfjellet 1322 m.o.h.. Men ver då klar over at du etterkvart må gå eit godt stykke mot sør før du kan runde Sandfjellet/Heimste Skorkja og nå denne frå sørvestsida. Vi vil ikkje tilrå å gå utan sikringsutstyr direkte frå Heimste Skorkja og tilbake til Vaksvikfjellet. I staden kan du legge heimvegen via Dyrkornstølen eller Midtbustsetra i Stordal.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Du køyrer forbi gardane i Vaksvika og Vaksvikfjellet Camping. Etter ca. 5,5 km. kjem du til eit vegkryss, der bomvegen til Grytalisætra tek av mot søraust der det er gode parkeringsområde. På Grytalisetra.
Fottur
Rød
Stigning
995 m
Tidsbruk
5 t. 40 min.
Høyeste punkt
1365 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut