English

Sandan, Midøya

Molde

Kort om turen

På Sandane er det ei fin badestrand og rasteplass. Ute på Hamnaneset ligg Stikk UT!-posten, og eit flott utkikkspunkt der du ser fra Nordøyene i vest, til Aukra i aust. Søraust for riksvegen finn du Bjøreremshellaren, der det er funne spor etter dei første Romsdalingane. Ca 200 meter mot sørvest fra parkeringsplassen, finn du riksgrenserøysa, som tidlegare var riksgrense mellom Sverige og Danmark.

Ruteskildring

Fra parkeringsplassen startar turstien ned mot Sandane, der du finn ei kjempefin sandstrand til bading på fine sommerdagar, og mange spennende småkryp i fjæra resten av året. I nordenden av bukta ligg ein fin rasteplass med grillmoglegheiter. Ved rasteplassen delar stien seg i to. Velger du å ta til venstre, går stien først gjennom ei sprekke/kløft i berget. Her kan du ikkje passere med vogn eller rullestol. Du må da velje andre vegen for å kome ut til posten. Etter kløfta, slynger stien seg fint i terrenget utover Hamnaneset og ender ytterst ved eit fint utkikkspunkt. Her finn du Stikk UT!-posten. Det er satt ut fleire benkar langs med stien. Går du den andre vegen tilbake, vil du gå langs med nokre holmar der det frå gamalt av var ei lun jektehamn. Etter kvart kjem du til Nørdre Sandan. Har går stien tilbake til rasteplassen der stien delte seg på tur utover. Dersom ein følgjer stien vidare aust-/nordover ved Nørdre Sandan er her opparbeidd ein fin sti som går vidare til Kjelsvika og endar opp på Bjørnerem. Ein kan og gå ca 150 meter tilbake langs riksvegen til skilta sti opp mot Bjørneremshellerane.

Tilkomst og parkering

Turen starter ved en stor parkeringsplass på Sandan, på nedsida av fylkesvegen.
Fottur
Grønn
Lengde
2,34 km rundtur
Stigning
41 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
31 moh

Løype på kart

Offentleg transport

Buss: Lokalrute 230 Dryna - Midsund - Molde

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden
Køyreskildring
Print ut