Fin tur gjennom Synnalandsdalen langs vatn, Passerer Gjersetdalen Villmarksområde og Raude Kors hytta før oppstigning til Samhjartet/Tinden. Utsikt nordover gjennom Synnalandsdalen mot Nordøyane, Samfjorden, Helland med Hellandshorn. Også fin utsikt sørover mot Grytafjorden med Sunnmørsalpane i bakgrunn. Turpost registrering på toppen.
Gå sørover på veg langs Synnalandsvatnet frå parkeringsplassen i nordenden av Synnalandsvatnet. Valfritt kva side av vatnet ein vil velge å gå på. I synste enden av vatnet følg skogsveg vidare sørover mot Gjersetdalen. Etter å ha passert Gjersetdalen Villmarksområde og Raude Kors hytta på venstre hand gå til høgste punkt på vegen (Høgstølen). Hurtigste veg til topps går bratt opp gjennom skogen frå dette punktet (dårleg merka sti). Alternativt kan ein gå vidare ca 1 km og følge skilta og godt merka sti mot toppen langs ryggen frå sør. Skilta mot Tinden/Samhjarte. Denne ruta er mindre bratt enn første alternativ.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 5 |
Sti | 2 |