English

Saksa

Ørsta

Kort om turen

Saksa ligg på austsida av Hjørundfjorden og har ei fantastisk utsikt til fjorden og fjella omkring. Råsa til Saksa vart utbedra og steinura under toppen vart trappelagt av sherpaer i 2015. Der vart også bygd ein gapahuk på kanten av Leknesdalen på same tid. I Leknesdalen finn vi restar etter gamle setrar og der er også eit gamalt bjørnehi. Denne turen går til den sørlege toppen på Saksa, høgste punktet ligg på den nordlege toppen, råsa dit går bratt ned på nordsida av den sørlege toppen, over den midtre toppen og til den nordlege, turen frå den sørlege toppen til den nordlege toppen er ikkje å anbefale for dei med høgdeskrekk.

Rutebeskrivelse

Frå turparkeringa ved Urkeelva går stien opp gjennom skogen. Etter ca 250 meter kjem du til ein grusveg. Ta til høgre her og hald fram på vegen til det går av ein skogsveg/sti til venstre forbi hytte. Stien går no  opp mot Leknesdalen. Når du kjem oppå kanten til Leknesdalen får du gapahuken på høgre sida, der er eit flott utsiktspunkt. Når du kjem oppi Leknesdalen går råsa mot nord i store svingar opp til steinura, då går råsa i sikksakk på hellelagde trappetrinn opp til toppen.

Adkomst og parkering

Frå vest: E 39 til Ørsta, ta av i Ørsta sentrum på fv 655 skilta til Sæbø, ta ferje frå Sæbø til Leknes (NB sjekk ferjeruta, lenge mellom kvar avgang) Frå Leknes køyr 1,8 km til Urke. Køyr til Urke landhandel, og ta til venstre rett etter butikken. Turparkering etter ca 100 meter. Frå aust: ta av frå fv 60 ca 4 km vestapå Hellesylt og køyr fv 655 til Urke.Ta til høgre rett etter Urkeelva. Turparkering etter ca 100 meter. På Urke tek du av på vegen som går langs Urkeelva midt i bygda. Turparkering og starten på stien til Saksa ca.100 meter fram. Plass til fleire bilar. Urke Landhandel ligg like ved parkeringsplassen om du treng å handle til turen.
Fottur
Rød
Lengde
3,5 km en vei
Stigning
1000 m
Tidsbruk
4 t. 15 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 5,9

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1219 III, sunnmorskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut