Fleire av trimpostane til Bæverfjord i.l. ligg på gamle setervollar, og Seterbøsetra er ein av desse. I dag er det berre restar etter eitt av dei gamle seterskjela igjen. Dette er elles ein av dei turane som er brattare enn den er lang, så her er det mulegheiter for alt frå ei beinhard treningsøkt til ein dagstur med familien.
Frå parkeringa går du eit par hundre meter tilbake etter vegen. Eit skilt på høgre side viser der vegen i retning Tverrlihytta. Kryss ekra og følj skogsvegen og skiltinga vidare mot Tverrlihytta. Merkinga følgjer brattaste trase, men viss du foretrekkjer ein slakare trase, kan du følgje dei stipla linjene som går ut ifrå gps-fila på kartet. Etter 1,8 km er du framme ved skjelet på Seterbøsetra, som no er til nedfalls.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 0,6 |