English

Ryssdalen over Fremste Synnalandsheia frå Brattvåg

Ålesund

Kort om turen

Tur i stort sett lett terreng med fin utsikt frå toppen av Fremste Synnalandsheia. Registrering i Brattvåg IL Trimgruppe si bok ved synste enden av tjønna i Ryssdalen. Fin tur langs veg langs Synnalandsvatnet til utgangspunktet.

Rutebeskrivelse

Start frå parkeringsplass ved demninga i nordre enden av Synnalandsvatnet. Vestover på vei til Vassverket og forholdsvis bratt stigning vestover mot Hestevatnet. Ta av til venstre på merka sti mot Ryssdalen ved toppen av stigninga og gå sørover langs ryggen på Fremste Synnalandsheia (455 moh). Ta eventuelt av til høgre på godt merka sti etter ca 5-600 m. dersom ein heller vil gå gjennom Ryssdalen. Ved postkasse i sørenden av tjønna i Ryssdalen følg godt merka sti (Dyrstigen) ned- og austover i relativt bratt og vått terreng til ein møter vegen langs vestsida av Synnalandsvatnet. Følg den nordover til utgangspunktet ved demninga.

Adkomst og parkering

Frå Brattvåg sentrum køyrer ein opp til byggefeltet Fjellbu til parkeringsplass ved demning i nordenden av Synnalandsvatnet. Parkeringsplass ved demninga i nordenden av Synnalandsvatnet
Fottur
Grønn
Lengde
6,5 km rundtur
Stigning
383 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 5
Kjørebeskrivelse
Print ut