English

Rundtur Knottahornet, Svedehornet, Veten, Torsethornet og Keipen

Sande

Kort om turen

Dette er ein fin tur der du får med deg topputsiktene frå alle toppane som er på fjellet mellom Gursken og Larsnes. Frå Knottahornet har du utsikt over Gursken, Haugsbygda, Sandsøya, Kvamsøya og langt uti havet. Frå Svedehornet har du utsikt mot Sandsøya, Kvamsøya, inn Syvdsfjorden og langt uti havet. Frå Veten ser du Rovdestranda, Syvdsfjorden, Brandal og du ser også her langt uti havet. Frå Torsethornet ser du Skredestranda, Brandal, Syvdsfjorden, Rovdestranda og Rovdefjorden. Frå Keipen har du god utsikt over Gursken, Skogevatnet og Middagsvatna. Frå alle toppane har du også god utsikt mot alle fjella som ligg omkring. Sjå også enkeltturane til toppane Knottahornet, Svedehornet, Veten, Torsethornet og Keipen.

Rutebeskrivelse

Turen byrjar ved parkeringsplassen på toppen av Drageskaret, den går etter fjellryggen Langhamrane opp til kvilesteinen, når du har passert kvilesteinen og kjem oppå kanten deler råsa seg. 1: Dersom du vil gå på Knottahornet først tek du til venstre, frå Knottahornet går råsa vidare søraustover og kjem inn på hovedråsa rett før Svedehornet. 2: Dersom du vil gå på dei andre toppane først tek du til høgre og råsa går då etter ryggen inn til Svedehornet, frå Svedehornet går råsa søraustover til du kjem til høgda før Langevetevatnet, her deler råsa seg. 1: Vil du til Keipen først tek du til venstre, råsa går då austover mellom Langevetevatnet og Bjørkavatnet, vidare mellom Middagsvatna og derifrå austover til Keipen, råsa sluttar ved trimposten til Gursken IL, toppunktet på Keipen ligg ca 100 m lenger mot søraust. Frå Keipen må du gå råsa ca 150 m tilbake og ta råsa sørover til Torsethornet, frå Torsethornet går råsa vestover etter ryggen ut til Veten, frå Veten går råsa bratt ned til Langevetevatnet og ut til der krysset til Keipen er. 2: Dersom du vil gå på Veten først tek du til høgre og reverserer turbeskrivelsen frå dette krysset. For dei som ikkje likar bratte oppoverbakkar, men greier seg godt i bratte nedoverbakkar er det ein fordel å gå på Keipen først, då bakken frå Langevetevatnet og opp til Veten er den brattaste på turen.

Adkomst og parkering

Drageskaret på fv 61 mellom Gursken og Larsnes. Parkeringsplass på toppen av Drageskaret.
Fottur
Rød
Lengde
9,8 km rundtur
Stigning
900 m
Tidsbruk
4 t. 45 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 9,8

Offentlig transport

frammr.no

Annet

Middagsvatna som vi passerer på turen vert også kalla Mørkevatna.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, sunnmorskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut