Dette er ein rundtur som du kan gjennomføre ved å gå, sykle eller jogge, og du kan starte kvar som helst på runden. Turen går hovudsakleg etter asfalt og god grusveg i relativt flatt terreng, og passeringa av hengebrua over Bøvra vil for mange vera høgdepunktet på turen. Til fots tek turen ca. 1,5- 2 timar ved rask gange.
Du kan starte kvar som helst på runden, men vi vel her å ta utgangspunkt i oppvekstsenteret i bygda (Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter). Herifrå går du utover mot krysset ved det tidlegare samvirkelaget, ca. 300 meter. Der tek du til venstre og går langs riksvegen i retning Nordmarka. Ta så igjen av til venstre inn på Vollavegen og gå opp til enden av vegen ved kraftstasjonen. Gå forbi kraftstasjonen og sving ned mot elva og hengebrua over Bøvra. Fortsett etter grusvegen på andre sida og ta til venstre nedover dalen igjen når du kjem til eit t-kryss. Følj vegen ned att til oppvekstsenteret.
Dersom det er mykje snø over hengebrua, kan du gå turen fram og tilbake same veg. Dette er også eit godt alternativ for den som helst vil gå der det er lite trafikk.
Kvar som helst på runden. Viss du må køyre fram til rundløypa, er det beste parkeringsalternativet ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter. Det ligg ca. 300 meter oppover Bøverdalsvegen. Ta omsyn til barna ved oppvekstsenteret og unngå parkering som kan vera til hinder for skulebuss og brøytebil.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 8,0 |