English

Rundt Litledalsvatnet i Bjørdalen

Ørsta

Kort om turen

Langs vegen står det her og der små figurer. Du passerer også ei eik som var planta som 1000-års tre. Det er fisk i vatnet (krev fiskekort). I heimste enden av vatnet er det mogleg å bade og tenne bål (husk skogbrannfaren).

Rutebeskrivelse

Dette er ein lett familietur på ein skogsveg der det også er mogleg med barnevogn, rullestol o.l .Køyr eller sykle til P-plassen i heimste enden av vatnet. Det går ein skogsveg rundt vatnet. Du vel sjølv kva veg rundt vatnet du vil gå. Turen går frå parkeringsplassen på heimsida av vatnet. Valfritt kva side av vatnet du tek. Når du kjem til inste enden av Litledalsvatnet, heng det ein post i Fjelltrimmen 2013 i ei bjørk i vegkrysset.

Adkomst og parkering

Køyr eller sykle forbi inste garden i Bjørdalen og til P-plassen i heimste enden av vatnet (UTM 32, Ø: 359250, N: 6891270). P-plass v/badeplassen i heimste enden av vatnet.
Fottur
Grønn
Lengde
3,5 km tur/retur
Stigning
65 m
Tidsbruk
1 t. 5 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Berre skulebuss i Bjørdalen. Mogleg å ta rutebussen Ørsta - Sæbø og gå av på Bjørdalkrysset..

Annet

I inste enden går det ein traktorveg som er starten på stien over Reveskaret til Aurstadsetra og Aurstad i Austefjorden.

Kart

Nordeca-kart 10070 Hjørundfjorden M 1:50.000, ajourført 2012
Kjørebeskrivelse
Print ut