Runde fyr ligg på Kvalneset på nordvestsida av fugleøya Runde. Fyret er no freda og automatisert, hovedbygninga vert no brukt som sjølvbetjeningshytte av Ålesund og Sunnmøre Turistforening. Her er 24 sengeplassar, sjølvbetjeningslager, elektrisitet med komfyr, kokeplate og vaffeljarn. Her kan du nyte fuglelivet, storebåra, ver, vind og solskin. Runde fyr er låst med DNT nøkkel. Turen til Runde fyr som overnattingstur er 3,6 km og 260 hm, dvs. grøn. Dersom du skal gå tur/retur vert turen 7,2 km og 520 hm, dvs. blå.
Frå parkeringsplassen i Goksøyra går du Goksøyrvegen ca 600 m og går til venstre opp ein bratt bakke. Bakken er asfaltert til du kjem opp på flata (ca 300 m) Råsa går då nordover myrane og rundar opp på fjellryggen og går den vestover til du har passert toppen. Råsa går då mot nordvest nedover myrane og ned bratta til fyret. Det brattaste partiet ned til fyret er sikra med stålrekkverk, der er også laga trebruer over myrane og der er laga steintrapper på dei vanskelegaste partia.
Frå fv 654 til Fosnavåg tek du av på fv 18 på Buholmen skilta mot Runde og køyrer ca 14 km til du kjem til Goksøyra, parker på stor parkeringsplass på høgre side av vegen med same du er komen igjennom Goksøyrtunnellen, dette er einaste parkeringsmoglegheita, så du må gå Goksøyrvegen dei 600 meterane til der råsa startar.
Stor parkeringsplass med sanitæranlegg i Goksøyra.
Tidsbruk
3 t. 10 min.

Underlag |
Lengde i km |
Asfalt |
1,8 |
Sti |
5,4 |
Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 IV, norgeskart.no
DNTs turbeskrivelse for turen
Køyreskildring
Turdata
GeoJSON