English

Ruggå

Fjord

Kort om turen

En fin tur i lett terreng for hele familien. På Ruggå er det tilrettelagt med ei grindløe som er åpen for alle å gå inn i. Prøv også å rugge på Ruggesteinen, ein stor stein på kanten mot Valldal som kan ruggast på om ein er fleire i lag. Ein karakteristisk "hjertelyd" vil hørast. Fin utsikt til Valldal, ein ser fra Jemtegarden og fram til Gjerde. Ruggå er eit godt utgangspunkt for vidare tur om ein ønsker det. Du kan gå vestover mot Syltefjellet, og austover og oppover mot mot mellom anna Nysetra, Eggjevatnet, Mefjellet, Heggurdalen og Trollkyrkjebotn.

Rutebeskrivelse

Parkering på Hauge. Skilta veg gjennom gardstunet som er nærmast parkeringsplassen, følg traktorveg til endes. Hald fram opp gjennom eit beite, god rås. Når ein kjem fram til ei grind går råsa litt inn mot høgre. Hald til høgre, vegskiljet er skilta med pil til høgre og Ruggå. Alternativt kan ein parkere same stad, men følgje asfaltvegen til du kjem til ein seterveg på venstre side (etter 2-300 meter). Skilta Nysetra. Følg denne vegen oppover til 4. svingen, og hald innover/vestover. Skilta veg, god rås. Brattare enn første alternativ, men ein fin runde. Ein kan også gå ein lengre variant, om Ytterli. Parker enten på Hauge eller Ytterli. Følg taktorveg på høgre side av siste garden på Ytterli. God sti, godt merka. Fleire alternativ for å kome seg ned på bygdevegen, men hald øverste rås for å komme til Ruggå. Ein rundtur på ca 2 timar.

Adkomst og parkering

Frå sentrum i Valldal (Sylte), køyr til Fjørå, retning Tafjord. Følg så skilta veg til Selboskar. Når du kjem til Selboskar deler vegen seg. Kjør til høgre her. Etter ca 250 meter kjem du til merka parkeringsplass på nedsida av vegen. Merka parkeringsplass Hauge. Gratis parkering.
Fottur
Grønn
Lengde
1,25 km en vei
Stigning
150 m
Tidsbruk
1 t. 0 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 1

Annet

Vinterstid blir det kjørt opp løype med trakkemaskin. Forholda bruker å vere gode, med mulighet til å gå opp uten bruk av ski. Sykkelløype fra Mefjellet går forbi her.
Kjørebeskrivelse
Print ut