English

Rotsethornet-Homborsetsætra-Løypingskaret

Volda

Kort om turen

Rotsethornet er eit landemerke i Volda. Ein er ikkje for ekte volding å rekne før ein har vore her. Utsikta er flott, klyvinga opp er spanande og det er mange alternative ruter ned att. Dette er ei rute som ikkje er av dei vanlegaste, men absolutt å anbefale. Du må rekne ca 3 timar på denne runda

Ruteskildring

Ruta opp til Rotsethornet er godt merka. Start ved tunnelopninga til Rotsethorntunnelen og gå på skogsveg opp til Kalsethola. Her startar stien opp "framsida". Fyl du stien, går du trygt. Det er bratt opp gjennom lia her, men du får hjelp av kjettingar/tau og steg som er monterte i berget. På Aksla er det naturleg å stanse litt; dette er eit flott utsiktspunkt. Vidare oppover er det fortsatt litt bratt, men ikkje så bratt som det du har forsert til no. Du får belønning når du kjem på toppen i form av flott utsikt over Volda. Her oppe er det fint å ta pause før du fortsetter turen vidare bakover. Du passerer Toskegjølet. Ta gjerne ein tur ut her, men vis varsemd, det er langt ned! Stien vidare er tydeleg og godt merka heilt til du kjem til første stiskilje (bilde 4. Posisjon: N62 07.533 E6 06.315). Stien rett fram går ned Lisjedalen, som er den mest brukte ruta ned att. Du skal ta til høgre, skilta Høgedalen og Homborsetsætra. Gå først langs ein hammar, ta så skarpt til høgre, over ei lita myr og så austover når du har passert myra. Her er merka. Følg sti vidare austover. Den skal vere grei å finne. Her er også nokre merke du kan sjå etter. Neste stiskilje er Høgedalen/Homborsetsætra (bilde 5. Posisjon: N62 07.213 E6 06.999). Her er det skilta. Følg stien til høgre vidare til like før Homborsetsætra. Stien er litt smalare enn tidlegare, men grei å finne. Når du kjem nesten til Homborsetsætra, rett før ei kort, men bratt side, tek du stien som går til venstre og følger denne langs Daletjørna, ned Løypingskaret og vidare på skogsveg ned til Rotevatnet. Det er merka ned til skogsvegen. Du skal ikkje ta av på sidevegar. Følg vegen langs Rotevatnet tilbake til start.

Tilkomst og parkering

Køyr frå Volda sentrum mot Hornindal/Stryn (E39). Like før Rotsethorntunnelen startar turen. Her er det godt med parkering. Godt med plass til parekring der ruta startar; like før tunnelopninga
Fottur
Rød
Lengde
10,05 km rundtur
Stigning
586 m
Tidsbruk
4 t. 0 min
Sesong
Høst
Høyeste punkt
636 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10,2

Offentleg transport

Ringruta til Vikebygdvegen eller buss Volda - Stryn https://frammr.no/

Anna

Ta gjerne med born på tur til Rotsethornet. Dei fleste synest dette er ein spanande tur fordi dei får "klatre" ein del.

Kart

Nærturkart Volda - kan kjøpast lokalt (Intersport og Norli)
Køyreskildring
Print ut