English

Rotevatnet rundt - via Skinstøylen

Volda

Kort om turen

Turen rundt Rotevatnet er ei sentrumsnær og ofte nytta turrunde. Store delar av turen er bilfri grusveg. Det er mange fine plassar der ein kan stoppe for å raste, bade eller berre sitte og nyte naturen. På Botnasanden, i austenden av vatnet, er det langgrunt og fint å bade, særleg for dei små. Turen startar ved badeplassen Årneset

Ruteskildring

Start ved parkeringsplassen på Årneset: Gå over ei lita bru og inn på ein grusa turveg. Følg denne til neste bru (ca 250 m), ta til venstre rett etter denne brua. Gå forbi Volda stadion på grus- og gangveg langs Rotevatnet. Ved ei grind i austenden, går grusevegen over til asfaltert veg. Følg vegen vidare til du kjem til ei turtavle. Her går det ein veg til høgre opp langs golfbana. Følg denne vegen ca 400 m om du vil ta avstikkaren til Skinstøylen. Etter ei grind skal du gå rett fram i ca 300 m (følg skilt "Botnasætra - gamleråsa"), til du kjem til eit oppdemt vatn. Dette er Skinstøylen, ei lita perle som ikkje så mange kjenner til. 

På Botnavegen frå Vassbotnen og opp til hovudvegen er det asfaltdekke. Her kan vere noko trafikk, men det er gang- og sykkelveg her. Det er også gang- og sykkelveg langs Vikebygdvegen. Ver merksam på store og små stikkvegar frå høgre ned bakken frå Heltnesundet dersom du syklar.

Sjå deg godt føre når du har komt rundt og skal krysse vegen for å gå ned att til Årneset! Her er ikkje gangfelt

Rullestolbrukarar må vere merksame på at deler av turen kan ha stigning over 1:12.

Kode til StikkUt!Vinter finn du på turkassa i austenden av Rotevatnet der asfaltvegen startar.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum følger du E39 til ei rundkøyring der du kan ta av til Stryn, Vikebygda eller sjukehuset. Ta av til Vikebygda på Vikebygdvegen. Følg denne ca 600 m og ta av ned til Rotevatnet og Årneset (badeplass) på Årnesvegen. Her startar turen og det er offentleg parkering her
Fottur
Grønn
Lengde
7,45 km rundtur
Stigning
122 m
Tidsbruk
2 t
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
113 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 2,7
Grus 4,4

Offentleg transport

Rotevatnet ligg sentralt i tettstaden Volda og er lett å nå utan bil/buss. Gå til dømes Elvadalen frå sentrum Buss: frammr.no

Anna

Turen startar ved Årneset der du finn både badeplass, sandvolleyballbaner og diskgolf. Ved Volda stadion finn du Stadionparken. Her er det skatepark, utetreningsapparat, klatreområde m.m. Du kan starte turen mange andre plassar enn den ruta vi har omtala her

Kart

Nærturkart for Volda

Betalingsmiddel for bomvei

Ikkje betaling
Køyreskildring
Print ut