Enkel tursti frå elveosen ved sjøen på Indre Hareid og til bilvegen i Kaldholen. Turen er ca 5,5 km lang. I Hareidelva som er ei fin fiskeelv, kan ein få både aure og laks! Stien sluttar i Kaldholen i Hareidsdalen.
Vi startar ved eit eldre industriområde og kjem etter ca 200 m fram til eit nyrestaurert kvernhus, vidare til restane av ei demning for kraftverk, stadar der det har vore drive sjellsanking/perlefiske og badedam. Langs elva er også fleire fiskeplassar for laks og aure. Etter passering av utløpet til Grimstadvatnet, held stien fram i både Grimstadvatn naturreservat og området for Grimstadvatn dyrelivsfredning.
Ein kan gå eller sykle, og starte på fleire stader langs stien etter eige behov
Du kan lese meir om naturreservatet her: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000625