English

Rota og Slivatnet frå Almklov/Åheim

Vanylven

Kort om turen

Ein fin tur både sommar og vinter. Mykje brukt skitur på seinvinteren. Mange brukar ruta som utgangspunkt for lengre turar til toppar eller i flott oppkøyrde løyper mot Vassdalsbu og Øverberg. Sjå link under turbeskrivelse. Om sommaren er det fin grusveg, godt egna til både fottur og sykkeltur. På sykkel får ein fort opp pulsen i motbakkane og ein artig og fartsfylt retur ned til Almklov.På sommarstid er det også mogleg å køyre vegen til Rota/Slivatnet.

Ruteskildring

Ruta startar lengst framme i Almklovdalen og går sommarstid på god grusvei. Enten ein går eller syklar kan ein følge vegen i 3 km til enden av vegen ved østenden av Slivatnet. Om ein syklar og likar litt fart på sykkelen er nedkøyringa tilbake til Almklovdalen å anbefale. På vinterstid kan ein ta skia fatt den same vegen. Det er delvis oppkøyrte løyper med snøscooter. Ved gode snøforhold køyrer ofte Syvde IL opp god skitrasé med flotte spor helt til Heimsætra. Frå denne ruta har ein mange turalternativ, som for eksempel Dua, Blåfjellet, Røvsdalsnipa og Blæja. I østenden av Slivatnet kan ein følgje Skitraseen nordover mot Øverberg/Syvde. Denne ruta er mykje brukt frå både Åheimsida og Syvdesida og er beskrevet på Morotur: http://mrfylke.no/Morotur/Turer/OEverberg-Rota-Rute-55-c

Tilkomst og parkering

I krysset på Åheim, nord for elva, tek ein av mot Sunndal/Almklov. Etter 4 km kjem ein til Gusdal og krysset mot Almklov, her tek ein til venstre. Det er skilta mot Almklov. 3,5 km etter krysset kjem ein til den gamle skulen i Almklovdalen. Der fortset ein rett fram i ein liten høgresving. Etter nye 3 km er ein framme ved Parkeringsplassen. Da er det 200 m til snuplassen ved vegens ende der ruta starter. Gratis parkering 200 m fra rutestart.
Fottur
Grønn
Lengde
3,01 km en vei
Stigning
221 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Høyeste punkt
477 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut