Roppehornet frå Midtflø
Ulstein
Roppehornet har fantastisk utsikt! Dette er ei lett rute til topps. Over halve turen går på grusveg.
Start ved skilt "Roppehornet". Følg grusvegen til du kjem inn på sti. Når du kjem inn på stien følger du denne opp på høgda og tek til venstre der du møter ein annan sti (N62° 23.162' E5° 50.563'). Følg ryggen vestover til toppen. Det er god og tydeleg sti.
Frå Ulsteinvik køyrer du vestover Sjøgata. Ta av til Flø på Fv25. Når du kjem til Flø, køyrer du forbi hamna og Moods of Norway. Ta av på grusveg som er skilta til Brørevatnet. Dette er bomveg. Følg grusveg til du kjem til eit kryss der det er skilta mot Roppehornet. Ruta i denne turomtalen startar her, men det er mogleg å køyre litt lenger dersom du vil ha ein kortare tur. Bompengar kr. 50 (2015) for å køyre fjellvegen opp til start,
Plass til å parkere nokre bilar der turen startar
Tidsbruk
2 t. 15 min.

Underlag |
Lengde i km |
Sti |
2 |
Turkart Ytre Søre Sunnmøre (1998). Få kart att
Køyreskildring
Print ut