Turen til Roppehornet er ein flott tur med ei fantastisk utsikt over fjord og hav.
Du startar ved fylkesvegen på Gåsneset på Ulstein. Følg ei bratt rås oppover nordsida av Ulsteinhetta. Stien her er steinete og til tider bratt. Omlag halvvegs på turen kjem ein til Ulldalen. Her flatar det ut og det er meir myrlent og ein må også passere ei mindre elv. Deretter går turen i ei fin rås oppover mot Trollet, med ei luftig utsikt ned mot Fløstranda. Siste del at turen er også bratt og luftig. Utsikta både frå råsa og toppen av Roppehornet er fantastisk. Turen Gåsneset til Roppehornet tek omlag ein time.