English

Roparen (frå Surnadalsøra)

Surnadal

Kort om turen

Surnadalsøra er utgangspunkt for mange fine turar i friluft, og dette er ein av desse. Turen er ikkje lang, berre 2,4 km tur-retur, og passeleg for ein liten luftetur på kveldstid, også om ein bur litt unna det som her er startpunkt. Det er heller ikkje for mykje stigning. Det skil omlag 140 høgdemeter mellom lågaste og høgaste punkt på denne ruta. Oppe på Roparen finn du ein rastebenk der det er muleg å slå av ein prat med andre turgåarar, ta seg ein liten godbit eller rett og slett berre nyte den flotte utsikten utover Surnadalsfjorden og nedre deler av Surnadalsdalføret. Viss du ønskjer ein enda flatare tur opp til Roparen: sjå turbeskrivinga med utgangspunkt Surnadal alpinsenter ein annan plass her på morotur. Roparen

Rutebeskrivelse

Start på Surnadalsøra der den austre vegen opp mot bedehuset tek av. (Viss du kjem frå Setergarden, har du da berre passert fire hus på øversida av vegen etter at du kjem til sjølve Øra.) Gå oppover denne vegen, men ta av til venstre rett før du kjem fram til bedehuset. Du fortsett da forbi det øvste huset på Øra og skrår deg vidare oppover og utover lia. Ikkje langt oppi lia, rett etter at du har passert Åsbødammen, deler vegen seg igjen. Vegen fortsett framover, men ein tydeleg sti tek av til venstre oppover. Her svingar du oppover og følgjer merka løype mot Roparen. Etter ei stund kjem du opp på ein skogsveg. Her svingar du til venstre. Følj vegen til du tek inn på merka sti ned mot Roparen på nersida av vegen. Dette tek berre nokre få minutt.

Adkomst og parkering

Surnadalsøra Parkering ved startpunktet
Fottur
Grønn
Lengde
1,2 km en vei
Stigning
140 m
Tidsbruk
1 t. 0 min.
Sesong
Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Nei

Annet

Skilting skjer våren 2017. Unngå den ytste kante oppe på Roparen. Her kan masse gli ut og medføre fallfare.

Kart

Friluftskart for Surnadal
Kjørebeskrivelse
Print ut