English

Roparen (frå Alpinsenteret)

Surnadal

Kort om turen

Dette vakre utkikspunktet er eitt av dei mest populære turmåla i Surnadal. Roparen er sentralt plassert i sentrum av bygda, og har ein uventa flott utsikt over nedre delar av dalføret. Folk som bur på Skei og i dei mest sentrale bustadfelta, vil kunne gå til Roparen utan å først sette seg i bil. Startpunktet for turen og lengda på han vil derfor vera avhengig av kvar ein bur. Vi har her valt å beskrive berre den siste delen av turen til Roparen, som er stykket alle må gå: Frå Surnadal alpinsenter og fram til turmålet. Det meste av ruta går i relativt flatt terreng etter skogsveg, men eit lite stykke heilt til slutt går etter sti. Dette er derfor eit godt turval for uerfarne vandrarar. Roparen

Rutebeskrivelse

Parker på merka parkering ved alpinsenteret. Herifrå går du utover etter skilta rute i retning Roparen. Dette er ei strekning på berre ca. 0,9 km, så for mange som bur sentralt i Surnadal, vil det vera naturleg å la bilen stå og gå heimanfrå til dette turmålet. Frå rundkøyringa og opp til parkeringa ved alpinsenteret er det ca. 1 km, frå Amfi Surnadal ca. 2,2 km. Frå krysset ved Tørvollan er det ca. 1,7 km.

Adkomst og parkering

Startpunktet for denne turen er parkeringsplassen ved Surnadal alpinsenter. Viss du ikkje er lokalkjent, kan du ta utgangspunkt i Amfisenteret i sentrum av Surnadal. Køyr oppover Modalane i krysset som ligg rett ovanfor senteret og følj vegen fram til bygdas einaste rundkøyring. Her fortsett du rett fram etter Grytvegen. Avkøyrsla opp mot alpinsenteret er på venstre side av vegen og er skilta. Parker på merka parkering ved alpinsenteret. Gratis parkering ved startpunktet.
Fottur
Grønn
Lengde
0,9 km en vei
Stigning
20 m
Tidsbruk
30 min.
Sesong
Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 0,4

Offentlig transport

Nei

Annet

Stien blir skilta våren 2017. Unngå den ytste kanten oppe på Roparen. Her kan masse gli ut og medføre fallfare.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000), Friluftskart for Surnadal
Kjørebeskrivelse
Print ut