English

Røndølskarsvatnet

Molde

Kort om turen

Fin tur opp langs bratt men god sti til Røndølskarsvatnet ( 757 moh) Nydeleg utstikt over Eresfjord og nordre del av Eikesdalsvatnet. Stien fortsetter til den sjølvbetjente turisthytta Svartvassbu.

Ruteskildring

Stien er god men bratt . I skoggrensa flater den ut littegran. Er både godt synleg i terrenget og er T-merka heile vegen. Du er no inne i eit regulert landskapsverneområde.

Omlag halvegs oppe i lia går du forbi setermurarane etter Håndestølen.  Godt etter passering av skoggrensa rundar du etter kvart høgda der du ser rett fram mot Røndølskarsvatnet.  Her passerer du noen gamle hyttemurar. Her er også turkassa med bok som du kan skrive deg inn i om du ønskjer.

Følg gjerne stien vidare ned og fram mot vatnet kor du kan nyte utsikta mot Nyheitinden. Her høver det godt med ein mat-og kaffepause. Ved ein stor flat stein ser du restane etter Røndølskarshytta. Den vart bygd i 1944-45. Redusert vedlikehald på 1980-tallet førte til at hytta vart meir og meir falleferdig. Og vernemyndigheitene fjerna dei siste restane av bua i 2020.  Einaste spor er tuftene med noen flate steinheller.  

Herifrå er det berre 40 minutter vidare til turisthytta Svartvassbu.

Tilkomst og parkering

Følg fylkesveien i Eresfjord mot Eikesdalsvatnet,. Ved Osen tar du av mot Meringdal og følger denne til første bru. Her er det parkeringsområder og her starter stien.

Fottur
Blå
Lengde
2,6 km en vei
Stigning
747 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
772 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Den omtala Røndølskarshytta stod åpen til langt utpå 1990-tallet. Men naturen tok etter kvart over og i 2020 vart restane av bua fjerna. Men du kan altså sjå tuftene og steinhellene den stod på.

Kart

M711, 1320 II Eresfjord eller Norge-serien 10078 Sunndalsøra.
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON