English

Rømerhornet 866 m.o.h.

Sykkylven

Kort om turen

Fin tur i Sykkylvsfjella som passar for dei aller fleste. Variert terreng og ikkje minst fint å gå langs ryggen der ein har flott utsikt. Frå toppen kan du gå vidare til Vardefjellet om du vil gå ein lenger tur. Rømerhornet er også eit fint turmål på vinteren.

Ruteskildring

Følg skogsvegen knapt 800 m. Her svingar vegen svakt mot venstre. Gå inn på sti i ein liten granskog. Sjå etter merke i trea/vardar som markerer starten på stien. (N62° 23.641' E6° 40.684') Stien er litt utydeleg i skogen, han svingar mot venstre/nordvest. Når du kjem ut av skogen er stien tydeleg heilt til topps. Nokre stadar er det sauestiar som du kan kome til å ta feil av. Dersom du kjem inn på sti som er utydeleg, kan du rekne med at det er sauesti. Stien du skal følge går eit stykke langs ei myr, vidare gjennom ein bjørkeskog før du kjem ut av skogen og følger ryggen til topps. Det er fritt og flott å gå her.

Tilkomst og parkering

Like vest for Sykkylven kyrkje, tek du av mot Ramstaddalen. Køyr Dalevegen/FV73 til du kjem til Haugsetvegen, også skilta Statnett, og følg denne. Ta første veg til venstre og følg denne rett fram. Følg asfaltvegen forbi husa i Aurdal. Vegen går etterkvart over til grusveg. Køyr over ei ferist og følg vegen ca 500m til du kjem til ein skogsveg som går opp til venstre, merka privat veg. Det er plass til 3-4 bilar her. Ev. kan du parkere på ein plass like før. Der er det god plass. Det er plass til 3-4 bilar der turen startar. Ev. kan du parkere på ein plass like før. Der er det god plass.
Fottur
Blå
Lengde
5,1 km tur/retur
Stigning
690 m
Tidsbruk
3 t. 0 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,4

Offentleg transport

Nei, ev. gå/sykle

Kart

Turglede Sykkylven

Lenke til turskildring

Lillemor og mor i fjellheimen - på Rømerhornet
Køyreskildring
Print ut