English

Røddalshornet

Sande

Kort om turen

Flott utsikt over ytre søre og Sunnmørsalpane. Røddalshornet er vel den toppen i Sande der du kan gå på ski lengst utover våren, då der ligg snø lenge på nordsida. Gurskøy I.L. har trimpost på Røddalshornet. På kartet står Røddalshornet avmerka på ein topp (Herda) som ligg vestapå på det verkelege Røddalshornet.

Ruteskildring

Start på busslomma på nordsida av vegen ved parkeringsplassen til lysløypa, gå vestover mot ein liten dal som ligg på nordsida av Røddalshornet, når du er komen opp i dalen ser du Røddalshornet oppe til venstre, gå då beint mot det og kom opp på ryggen ca 50 m austapå toppen. NB. Den toppen du ser frå vegen er ein fortopp til Røddalshornet.

Tilkomst og parkering

Fv 61 på Leikongeidet. Parker på parkeringsplassen ved lysløypa.
Skitur
Rød fjellski
Lengde
1,77 km en vei
Stigning
400 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
560 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III Vanylven, M711 1119 II Volda, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut