English

Rød

Gjemnes

Kort om turen

Turen utover langs Gjemnesstranda ligg solvendt til, med flott utsikt over Batnfjorden. Det er lettgått, trillevennlig og muleg å følgje vegen eit godt stykke lenger enn ut til Stikk UT!-posten.  Stikk UT!-posten er plassert i skogbrynet ved ein snuplass på grusvegen, med tenkt retur same veg tilbake.

Ruteskildring

Turen er lagt til grusvegen som går parallelt med E39 utover stranda. Du startar ved parkeringsplass på nedsida av Astaddalen natur- og friluftsbarnehage, og følgjer grusvegen bort gjennom lia. Følg denne beint fram til endes, her skal du over ei klopp over bekken før kjem du inn på ein sti gjennom eit kort skogsparti. Vel ute av skogen held du fram mot venstre på grusvegen utover stranda. Nokre hundre meter utover svingar vegen ned på ein lunningsplass ved E39, med grind på kvar side. Her er det også muleg å gå like i overkant av gjerdet på oversida av plassen. Målet for turen er på øversida av grusvegen. 

Tilkomst og parkering

Turen startar ved parkeringsplass på nedsida av Astaddalen museums- og friluftsbarnehage i Batnfjord. Med bil kan du frå kommunesenteret på Batnfjordsøra følgje E39 mot Kristiansund. Ta av til venstre om lag 400 m etter brua, og følg skilting mot Blakstad. Ta deretter første veg til venstre, og følg Solsidavegen opp mot boligfeltet i Solsida. Etter nye 450 m, ta første veg til høgre, og følg Haltbrekkvegen. Parkering på nedsida av barnehagen. Kjem du fra Kristiansund ta avkøyring mot Blakstad.
Fottur
Grønn
Lengde
1,72 km en vei
Stigning
59 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
89 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,15

Offentleg transport

FRAM si ekspressrute mellom Volda og Kristiansund passerer på E39, med busstopp like ved avkøyringa til Blakstad.

Anna

Turen går gjennom beiteområder. Hugs på å lukke alle grinder etter deg!

Kart

Norgeskart-serien blad 035 Hustadvika og 128 Kristiansund-Sunndalsøra.
Køyreskildring
Print ut