English

Rjåneskamben - Rønneberghola

Ørsta

Kort om turen

Rjåneskamben har ei bratt, men kort oppstiging. Du blir belønna med ei fantastisk utsikt! Turen er tilgjengeleg store delar av året, då det er eit mildt klima her.

Ruteskildring

Start frå parkeringsplassen og kryss E39. Stien startar bak det siste huset før svingen, på oppsida av vegen Det er godt merka, god sti og lett å finne vegen. Det går bratt oppover lia, og nokre plassar må du også bruke hendene for å kome deg opp. Men det er ikkje utsatt klyving. Returen kan du ta same veg som du kom opp, men ved stidele omlag 210 moh (N62° 15.137' E5° 58.504') kan du gå stien som går forbi Rønneberghola. Det er skilta til Rønneberghola. Det er litt dårlegare sti, men godt tilrettelagt med tau på dei brattaste stadane. Du kjem ned litt lenger ute i svingen og må gå langs E39 tilbake til start. Ver varsam, det kan vere mykje trafikk.

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta køyrer du E39 mot Ålesund. Omlag 100 m vest for avkøyringa til Rjånes (Rjånesvegen) tek du av til ungdomssenteret. Her kan du parkere. Bra med plass til parkering ved nedkøyringa til Rjånes ungdomssenter
Fottur
Blå
Lengde
2,00 km rundtur
Stigning
301 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
324 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

Buss mellom til Ålesund kvar time http://www.frammr.no

Anna

Flott 2000 års-varde på toppen! Ved starten av turen finn du informasjonstavle og tursti som går frå Rjåneset til Sandvika. Dette er også ein fin tur.

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Blogg - toppit
Køyreskildring
Print ut