English

Rjåhornet på Nerlandsøya, frå teigane via vardemyrane

Herøy

Kort om turen

Fin fjelltur, først på grusveg, videre på sti i terrenget. Fin tur over vardemyrane, flott utsikt mot flåvær og utover mot Sandsøya. På toppen av Rjåhornet har grendalaget sett opp eit flott panoramaskilt med navn på topper.

Ruteskildring

Start ved porten til Teigetua. Du går då på grusveg oppover , ca 1km. Langs vegen er det sett opp rastebord med flott utsikt innover mot sunnmørsalpane. Du tek av frå grusvegen når grusvegen går litt nedover igjen/flater ut. Der er skilta mot storevarden og Rjåhornnet. Følg reflexmerka stikker videre, etter ca 2-300 m står der skilt mot Rjåhornet utover mot sør,følg merking videre herfrå med små raude stikker. Du kjem så til nytt vegskilt, og følger god rås videre. Langs vegen her har du flott utsikt mot Flåvær og Moltustranda. Du møter så ein motbakke, så flater det ut til du kjem til nytt skilt. Følg skilting mot Rjåhornet videre opp ein bratt bakke, sving av mot venstre og gå slakt utover mot sør. Du kjem då opp mot ein haug og ser då toppen, ca 7-800 m utover mot sør.

Tilkomst og parkering

Start ved porten til Teigetua. Begrensa parkering for biler, parker lenger nede i bygda , eller ved Handelshuset Ved porten til Teigetua(kun plass til 2-3 biler) Ellers lenger nede i bygda
Fottur
Blå
Lengde
4,5 km en vei
Stigning
389 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.
Høyeste punkt
418 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6
Køyreskildring
Print ut