English

Rjåhornet (på Gurskøya)

Herøy

Kort om turen

Rjåhornet ligg mellom Leikong og Tjørvåg og har god utsikt over fjell og fjordar i Herøy, Ulstein, Sande og mot Sunnmørsalpane. Tussa har basestasjon med ei høg radiomast på toppen. Gurskøy IL har trimpost på Rjåhornet.

Rutebeskrivelse

Start på parkeringsplassen ved lysløypa på Leikongeidet. Råsa går nordvestover oppgjennom dalen, når du kjem opp på kanten snur råsa mot nordaust og fylgjer ryggen opp til ein liten topp, når du har passert den går råsa nedover og deler seg på det lavaste punktet, du tek då til høgre og fylgjer råsa til du kjem til ein fin stol oppmura av stein, då sluttar råsa, men du skal då opp på den toppen som du ser bak stolen, du kan då enten gå bratt opp sida eller gå bort på kanten og gå den opp til toppen, då ser du Rjåhornet og då går du beint mot det, du kjem då til ein dal med ei myr nedi, du må krysse denne dalen, råsa er då god å sjå på andre sida av dalen, den byrjar ved ein stor stein og går bratt opp til toppen. Rjåhornet har også tilkomst frå Tjørvåg, Djupvika og Leikong.

Adkomst og parkering

Fv 61 ved lysløypa på Leikongeidet. Parkeringsplass ved lysløypa
Fottur
Rød
Lengde
8,2 km tur/retur
Stigning
800 m
Tidsbruk
4 t. 5 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 6,4

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I og II, Sunnmorskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut