Turen opp til Remmefjellet (267) er ein fin tur for heile familien. I gamle dagar var vegen over Remmefjellet hovudferdselsåra mellom Brattvåg- og Vatne-sida. No er vegen grodd igjen til ein skogsveg, med eit fint og lett turområde i ope terreng. Oppe på Remmefjellet er det eit stort og flatt område, der vegen går parallelt med kraftlina. Skogsvegen er også populær blant syklistar. Ved trimpostkasse, like før der vegen går nedover mot Remme.
Frå parkeringsplassen skal ein følge vegen som går parallelt med elva mot nord (på høgresida når ein kjem køyrande mot Slyngstad). Etter om lag 400 meter, rett etter ei ferist, kjem ein til infotavla om fiskekortsal. Ta då t.v. ved skilting til Remmefjellet og Urfjellet. Ein kjem snart til eit par hytter der ein tek t.v. på litt våt rås gjennom tett granskog. Ta så t.h. opp den tørre og fine skogsvegen som går i jamn stigning opp mot Remmefjellet. Like før ei gammal steinbru (over elva) er det sett opp kvilebenk der ein har god utsikt mot Tennfjord og Fannevatnet (Slyngstadvatnet). Like etter steinbrua blir terrenget slakt, og ein kan fortsette vidare til trimpostkassa som er plassert ved nokre steinar like før det går nedover mot Remme igjen. Det er sett opp kvilebenk og bord ved trimpostkassa. Turen kan forlengast – enten til Øygardsheia eller til Urfjellet.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 0,8 |
Sti | 4,1 |