English

Purkeneset

Aukra

Kort om turen

Ein flott tur som går gjennom myr og skoglandskap. På turen går ein forbi gamle tyske bunkersanlegg fra andre verdenkrig som var en del av forsvaret av flyplassen under krigen. På Purkeneset er det eit flott utkikkspunkt med sitteplassar. Området har gode fiskemuligheter frå land ved Purkeneset.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen følgjer ein traktorvegen frå parkeringsplassen langs gjerdet. Når du har gått langs gjerdet eit stykke kjem du til eit kryss på stien. Her kan du gå rett fram, innom Kleivhaugen eller svinge til høgre mot Purkeneset. Følg stien som etter kvart går over til skogsbilveg. Etter nokre hundre meter vil du finne ein fin plass å tenne bål. Turstien går vidare mot Purkeneset. I overkant av Løvik svingjer stien opp til venstre og inn i eit flott skogområde med mykje gamal skog blanat ennet lerkeskog. Her vil du passere fleire bunkersar før du til slutt kjem til Purkeneset. Du kan velgje om du går same vei tilbake eller om du går vidare ned et bratt parti mot Løvika.

Tilkomst og parkering

Frå ferkegaia på Gossen kjøyrer ein gjennom Falkyhtten og vidare mot Sporsem. Ved Riksfjord Skule ta av til venstre på Hauglandsvegen. Fortsett rett fram i noen kilometer. Du kjem til flyplassområdet her er parkeringsplassen merket med "tursti". Parkering på grusplass, ingen avgift.
Fottur
Grønn
Lengde
1 km en vei
Stigning
21 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
35 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1

Offentleg transport

Ferje Rute 31 Hollingsholmen- Aukra og buss. Sjå Framm.no for rutetider.

Kart

Friluftskart utgitt av Aukra kommune.
Køyreskildring
Print ut