English

Postvegen frå Fjellstova til Ørskog kyrkje

Ålesund

Kort om turen

Store delar av turen går på god sti, eller grusveg gjennom fin lauvskog og store granfelt. Stien går nesten heile tida rett fram slik at det er som ei brei gate gjennom skogen. Fasinerande å sjå både framover og tilbake kor rett traseen er lagt. Når vi startar på Ørskogfjellet, har vi Høgsvora i søraust. Vi går langs Giskemonibba og ser Sykkylvsfjella rett fram i sørvest. Mot vest ligg Lebergsfjellet og etter kvart ser vi Verahornet og Liafjellet når vi nærmar oss bygda. Turen egnar seg godt som familietur med gode høve til å plukke bær og sopp i sesongane.Hugs å sjå bakover på dei flotte fjella på Ørskogfjellet og den rette linja stien markerer gjennom skogen. Parkeringsplassen ved Ørskog kyrkje.

Rutebeskrivelse

Start ved parkeringsplassen på Fjellstova på Ørskogfjellet, eller gå av bussen ved Fjellstova. Gå austover langs setervegen (bomveg) mot Haugsetra ca. 800 meter etter god grusveg. Ta av til høgre og følg god sti rett ned ei brei ”gate” gjennom lauvskogen til du når grusvegen til Kvanndalen. Fortset rett fram etter same vegen heilt til du møter Europavegen. Kryss Europavegen her og held fram gjennom stor granskog på brei, tydeleg sti. Det går nokre avstikkarar frå stien, men hald heile tida rett fram. Etter kvart skal du passere Tverrelva. Her er det bygd ei ny, god bru så det er trygt å kome over. Du kjem etterkvart til eit steinbrot på venstre side. Ver oppmerksom; kanten er ikkje sikra. Gå vidare og kryss eit gjerde. Der gjer vegen ein sving til venstre før han igjen held fram i same retning som før. Postvegen går nesten ned til Europavegen like etterpå, der er stien ganske smal eit lite stykke før han igjen er brei og fin. Stien går like ved sida av Europavegen ned til Gjærsleet og over markane på Gjære. Vi kjem ned i boligfeltet Pina og går gamlevegen nedover Lande. Gå undergangen ved Steinholt og gå gangbrua over elva. Følg merka turveg Elvastien ned til kyrkja. Denne turvegen ligg berre delvis på same trasé som den gamle Postvegen.

Adkomst og parkering

Det beste for ein roleg tur er å starte på Ørskogfjellet og gå tilbake til bygda. Ta gjerne bussen opp på fjellet. Viss ein vil ha ein tyngre tur, så er det også fint å starte nede i bygda og gå opp på Ørskogfjellet. Ved Fjellstova på Ørskogfjellet. Hugs parkeringsavgift. Buss: Timeekspressen går begge vegar ein gong i timen.
Fottur
Grønn
Lengde
19,4 km tur/retur
Stigning
100 m
Tidsbruk
5 t. 10 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 6
Sti 7,6

Offentlig transport

Buss: Timeekspressen går begge vegar ein gong i timen.

Kart

Ørskogfjellet
Kjørebeskrivelse
Print ut