English

Patchellhytta frå Urke

Ørsta

Kort om turen

Patchellhytta ligg vest i Habostaddalen mellom Øye og Stranda. Den ligg mellom dei tre kjende turmåla Slogen (1564 moh), Smørskredtind (1639 moh) og Brekketindane (1578 moh) og er eit perfekt utgangspunkt for turar til desse toppane. Den gamle Patchellhytta er ei steinbu som vart bygd av Charles Watson Patchell på 1920 talet, den vart fullrestaurert på slutten av 1970 talet og har 5 køyer. I 1964 vart den nye Patchellhytta bygd, og i 2011 vart den påbygd, den er sjølvbetjent med standard DNT nøkkel, og har 72 køyeplassar og der er eige rom for hundar med eigen inngang. Patchellhytta ligg i Stranda kommune, men heile turen frå Urke går i Ørsta kommune då hytta ligg heilt inntil kommunegrensa. Turen til Patchellhytta er ikkje den vanlegaste vegen å gå, men når du går her føler du verkeleg kor ville fjell vi har på Sunnmøre, dalen du går er omkransa av høge og ville tindar, Saksa, Breidfonnhornet og Elsantindane i vest, Klokksegga, Maudekollen (Urkeegga) og Slogen i sør, Haukåsryggen, Vellesæterhornet, Geithornet og Brekketindane i nord. Frå Patchellhytta går der også rås til Vellesætra og Brunstadsætra i Sykkylven, til Skylstad og Øye i Ørsta og til Liasætra og Habostadsætra i Stranda. Sjå også turen Liasætra-Patchellhytta. Patchellhytta

Ruteskildring

Dersom du har køyrt opp frå Urke via Haukåssætra går du frå parkeringsplassen og over brua, då startar råsa på andre sida av anleggsvegen som går fram til inntaksdammen, dersom du har køyrt opp anleggsvegen frå Klokk startar råsa 100m før du kjem opp til inntaksdammen. Råsa går på sørsida av elva ca 1,5 km, då skal du krysse elva på bru over til Langsætra og gå austover dalen på nordsida av Storevatnet og Isavatnet, når du har passert Isavatnet går råsa mot sør og du passerer høgste punktet på turen (ca 1000 moh) og går mot aust rett ned til Patchellhytta.

Tilkomst og parkering

Frå vest: E39 til Ørsta, ta av i Ørsta sentrum på fv 655 skilta til Sæbø, ta ferje frå Sæbø til Leknes (NB sjekk ferjeruta, lenge mellom kvar avgang) Frå Leknes køyr ca 2 km til Urke. Frå aust: Ta av frå fv 60 ca 4 km vestapå Hellesylt og køyr fv 655 til Urke. Frå Urke kan du køyre fram Urkedalen. via Haukåssætra til parkeringsplassen ved vegenden (ca 4 km), eller du kan køyre anleggsvegen som går frå Klokk til inntaksdammen til kraftverket (ca 3,5 km) Anleggsvegen er svært bratt så du bør ha firehjulstrekk for å køyre den. Parkeringsplass ved enden ev vegen
Fottur
Rød
Lengde
7,8 km en vei
Stigning
680 m
Tidsbruk
5 t. 40 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7,8

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1219 II, M711 1219 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut