English

Orsetsetra

Gjemnes

Kort om turen

Ein lett tur som går på godt opparbeidde skogsvegar. Ein fin kveldstur på sommarkveldar, der du kan nyte solnedgangen bak Gjemnessundet og Averøya. Målet for turen er oppe på Orsetsetra, med flott utsyn over bygda under, fjorden, og Bergsøya og Averøya utanfor.

Rutebeskrivelse

Turen startar ved Gjemneshallen. Gå over brua like ovanfor skulen, i retning Orset. Ta av til høgre i andre krysset og følg traktorveg opp bakken. Her passerer du restane etter den gamle hoppbakken (Vollabakken), samt Torvik vassverk sitt anlegg. Kryss brua over Myrdøla og gå fram til gapahuken. Her kan du ta ein liten rast og nyte utsikta over bygda. Deretter tek du til høgre opp traktorvegen og følgjer denne heilt fram til Orsetsetra. Det kan vere litt grovt underlag enkelte plassar i vegen. Ved passering av elva Myrdøla kan du gå ei alternativ rute langs elva og fram til Vollasetra. 

Adkomst og parkering

Turen startar ved den store idrettshallen (Gjemneshallen) i sentrum av Torvikbukt (nokre meter opp langs Fv289 frå Fv666).Parkering ved hallen eller skolen. Offentleg parkeringsplass ved idrettshallen (Gjemneshallen).
Fottur
Blå
Lengde
2,82 km en vei
Stigning
313 m
Tidsbruk
2 t. 15 mi
Sesong
Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2

Offentlig transport

Buss frå Batnfjordsøra til Torvikbukt fire gonger dagleg. Se http://www.frammr.no

Kart

Norge-serien, Kristiansund.
Kjørebeskrivelse
Print ut