English

Omnossætra

Fjord

Kort om turen

Lett tur i motbakke på fin grusveg til ein gammal seterstøl. Skoghogst har gitt god utsikt både undervegs og frå setra. Fin rasteplass i grindløa som er opa for alle. 

Ruteskildring

Parkering ved Valldal IL klubbhus og stadion på Omnos. Følg asfaltveg i bein strekning mot Omnosåsen bustadfelt i om lag 200 meter. Der asfaltvegen gjer ein sving, hald fram rett fram på grusveg. Grusvegen fører deg oppover til Omnossetra, ca 1,7 km og 200 høgdemeter. Bomveg.
Vegen går forbi nokre hytter, Valldal IL si lysløype, granskog og store opne hogstfelt.

For dei med hjul
NB! Med ei total stigning på knapt to hundre høgdemeter så kan det  kan bli noko krevande for dei med hjul, men det er godt underlag.

 

Tilkomst og parkering

Turen startar ved Valldal IL klubbhus og stadion på Omnos i Valldal. Parkering ved klubbhuset. Gratis.

Fottur
Grønn
Lengde
1,96 km en vei
Stigning
194 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
296 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Grus 1,7

Offentleg transport

http://www.frammr.no/Ruter/Buss/145 Få bussavgangar i dette området.

Anna

Omnossetra er ein nedlagt seterstøl med fleire gamle sel og nokre nyare hytter. Grindløe med bålplass og inngjerda uteområde er open for alle er bygd av Lions Club Valldal. Frå Omnossætra kan du gå vidare til Brekkevatnet, Høghaugen, Gjerdsegga og Gjerdsgrenda. Store hogstfelt har gitt fin utsikt mot Valldalsbotn og dei to sætrane Heimsetra og Hjellsetra på andre sida av elva, og nedover dalen. Lett tur på god grusveg.

Omnossætra ligg i Valldalsbotn, ein sidedal til Valldalen, om lag sju km frå fjorden. Myklebustelva med utløp frå Brekkevatnet renn midt i dalføret. Setra ligg rundt 300 meter over havet i ei vesthelling under fjellet Gjerdsegga på austsida av elva. I dag går det bilveg frå Omnos og fram til setra. Siste året det vart setra, var i 1955. (Frå boka «Til seters – setrar i Norddal», Valldal Bygdekvinnelag, 2012).

Kart

Turkart Norddal kommune

Lenke til turskildring

Kulturminneatlas

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant betaling eller Vipps for bruk av bil på grusvegen. Det er gratis å gå.
Køyreskildring
Print ut