English

Olavsvegen frå Alstad

Fjord

Kort om turen

Olavsvegen er ein fin sti mellom store steinar i Skjersura. Her rydda Olav den Heilage veg då han drog gjennom Valldalen i 1028/29.

Rutebeskrivelse

Turen startar ved parkeringsplassen på Gudbrandsjuvet ved Alstad. Gå 70 meter langs hovudvegen og ta til venstre, skilta mot Olavsvegen og Olavskjelda og Juvet Landskapshotell. Etter 50 meter på grusveg er det skilta til høgre. Følg skogsti opp gjennom skogen til Olavskjelda og Olavshellaren. Det var her Heilag-Olav budde medan mennene hans skulle rydde veg gjennom ura (Snorres kongesoge).

Vidare går stien litt opp gjennom skogen og ca 100 meter over ei grasmark. Så gjennom ei grind og vidare opp i beitemark. Her går det sauer vår og haust. Her er også ein kvilebenk og turkassa med Valldal IL sin trimpost. Følg stien vidare oppover og framover langs eit gjerde, over ein bekk og fram gjennom Skjersura omgitt av store steinar. Her er det fint og fredeleg å gå. Etter ura svingar stien nedatt til hovudvegen. Det er ein fin rundtur å krysse vegen og følgje turvegen langs elva Valldøla nedatt til Gudbrandjuvet.

Det er også mogleg å følgje hovudvegen videre eit par hundre meter og gå over brua til Grønning. Rett etter brua er det skilta mot Alstadsetra (ved Gudbrandsjuvet), men denne stien er ikkje så mykje brukt og ikkje så godt merka.

Olavsvegen gjennom Skjersura er også ei del av Valldalsleia, pilegrimsleia frå Valldal til Nidaros. Stien er merka med pilegrimssymbol.

Adkomst og parkering

Parkering ved Gudbrandsjuvet. Inga avgift. NB! I sommarsesongen er det mange turistar som stoppar her, så det kan vere utfordrande med parkering enkelte dagar.
Fottur
Grønn
Lengde
1,98 km en vei
Stigning
137 m
Tidsbruk
1 t. 20 mi
Sesong
Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

https://www.frammr.no/ Sommarrute Valldal - Åndalsnes. Skulebuss resten av året.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Lenke til turbeskrivelse

Kjørebeskrivelse
Print ut