English

Øyrahornet fra Tjørvåg

Herøy

Kort om turen

Øyrahornet (419 moh) ligg rett over Tjørvåg og byr på ei fantastisk flott utsikt. Det er sett opp ein benk rett under toppen slik at turgåarar kan sitte godt og nyte utsikta – og kanskje noko godt i matboksen. Stien opp frå Tjørvåg er godt merkt og lett å følgje. Nokon vil nok meine at han er litt bratt. Det er ikkje fleire merkte løyper til Øyrahornet enn denne ruta, men frå toppen kan ein følgje ryggen innover mot Slettheia og Selsteinen og returnere til Tjørvåg langs stikka løype som kjem frå Storehanen og går over Sandvikhornet. Ein kortare variant er å gå mot vest over Øyradalen og kome på ruta frå Storehanen nærare Sandvikhornet. Øyrahornet er ikkje ein utprega skitur, spesielt ikkje frå Tjørvåg. Men dei vintrane som byr på nok snø bør freiste dei som liker å svinge seg ned bratte bakkar.

Ruteskildring

Heile ruta frå Øyrahaugen er merkt med stikker, som har refleks. Stien går først langs Øyraelva og ved den gamle demninga går ruta opp nordaustryggen. Her følgjer stien svaa oppover. Etter regn kan desse vere glatte så då tilrår ein å gå attmed.

Tilkomst og parkering

Parker ved Coop i Tjørvåg. Følg hovudvegen 200 m sørover til avkøyringa mot Øyrahaugen. Eit turskilt vil kome opp her i løpet av 2016. Ta til høgre i første kryss og følg vegen 100 m opp til der traktorvegen startar. Følg den til den delar seg etter få meter. Ta så til høgre mot elva. Coop Tjørvåg
Fottur
Blå
Lengde
1,8 km en vei
Stigning
400 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 0,7
Køyreskildring
Print ut