English

Øygardshalsen

Surnadal

Kort om turen

Ein skitur til Øygardshalsen er ein fin lågterskeltur som går i relativt flatt terreng. Startpunkt for turen er klubbhuset ved skianlegget til IL Søya på Vang, og turen går etter oppkøyrd løypenett. Dette gjer Øygardshalsen til eit ideelt turmål for dei yngste som skal lære seg å gå på ski, men er også ein fin kvardagstur for alle som vil ta ein lett skitur for berre å nyte vinteren. Turmålet er rastebenken og turkassen ved Øygardshalsen der ein flott utsikt ventar deg.

Rutebeskrivelse

Ved Vang skiarena parkerer du ved skilta parkering. Gå inn i lysløypa på venstre side av vegen og fortsett vidare i same retning du kom køyrande. Følj så Stikk UT!-skilta fram til Øygardshalsen.

Adkomst og parkering

Det kan vera lurt å ta utgangspunkt i vegkrysset som ligg på riksveg 670 ein stor km frå ferjekaia på Kvanne i retning Skei. På øversida av vegen her startar Røvegen. Herifrå er vegen mot Vang skiarena skilta, og det er i underkant av tre kilometer fram dit. Ved skiarenaen parkerer du ved skilta parkering. Ja
Skitur
Grønn
Lengde
1,7 km en vei
Stigning
85 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 3,4

Offentlig transport

Nei

Annet

Turen er skilta frå midta av desember 2017. Hugs hodelykt på kveldstid!

Kart

Du kan laste ned turkart over området her: http://www.ilsoya.no/blog/post/88947/nytt-kart-for-sommerturer.?ispage=false. Dette kan vera kjekt på ha med seg på telefonen sin.
Kjørebeskrivelse
Print ut