English

Øverberg - Slivatnet

Vanylven

Kort om turen

Ein lett og fin tur som slynger seg innover Syvdslidane til Slivatnet. Ein går delvis langs ei elv som er fin både å fiske og å bade i. Langs elva er det og mange fine teltplassar og ein kjempe flott gapahuk (N62 01.246 E5 41.915) Ein kan gå denne turen som tur/retur, viss ikkje er det Slivatnet som er sluttstad (N62 00.240 E5 42.199).

Ruteskildring

Turen startar roleg og fint med ca 1 km på grusveg, på enden finn ein dei gamle setrane. Vidare går ein på toppen av ein morenerygg og opp til eit vegkryss (N62 01.512 E5 42.050). Her tek ein til venstre ned mot elva og gapahuken (N62 01.246 E5 41.915). Vidare innover fyll ein ski trasen og elva til Slivatnet.

Tilkomst og parkering

Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal (6km). Deretter ca 2 km på kommunal veg (grus) mot Øverberg. Ved varmestova på Øverberg skisenter. Det kostar 20 kroner for å parkere der ein dag.
Fottur
Grønn
Lengde
4,3 km en vei
Stigning
180 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6,6

Kart

Vanylven
Køyreskildring
Print ut