English

Øverberg - Nipa - Slivatnet

Vanylven

Kort om turen

Nipa er ein av dei lettast tilgjenglege toppane med utsikt over det meste Syvde har å by på av alpin natur. Ein ser og utover mot Sadtlandet og innover mot ytre Nordfjord. Midtsommar kan ein sjå sola gå ned i havet. Langs denne ruta er det og mange fine fiskevatn ein kan prøve lukka i. Turmålet er ved Slivatnet. Frå Slivatnet kan ein gå ca 3 km på grusveg til Almklov eller ein kan gå rute 55a(sjå turkart) tilbake til Øverberg.

Ruteskildring

Når ein startar på p-plassen på Øverberg kryssar ein elva over ei gammal steinbru. Ein går vidare innover i flatt terreng (sør) til ein kjem til Moldstigane der ein følgjer stien oppover langs bekken. Etter ca 500 meter på stien kjem ein til eit stikryss, der ein tek av mot Nipa (aust). Når ein tek av i stikrysset er det ikkje nokon tydleg sti lenger, men ein går mot Storeskaret (575 moh) og eit lite tjern som ligg ved forten av Nipa (N 62`01883 E 005`43492 ). Vidare skrår ein litt oppover mot Ågotryggen. Denne ryggen følgjer ein til toppen av Nipa (bilde). Ågotryggen er ein ganske smal rygg som i toppen har tendensar til klyving, men stega er på fast fjell så det er ikkje problem å gå der. Frå toppen av Nipa går ein sørover i lett terreng forbi Nipevatn, mellom Ågotvatna og ned mot Molddalen til ein treff høgspentlinja. Følg høgspentlinja vestover til Slivatnet.

Tilkomst og parkering

Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal (6km). Deretter ca 2km på kommunal veg (grus) mot Øverberg skisenter. Parkering på Øverberg kostar 20 kr.
Fottur
Rød
Lengde
7,6 km en vei
Stigning
580 m
Tidsbruk
5 t. 15 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Kart

Vanylven
Køyreskildring
Print ut