English

Ørsta - Volda via Melshornet

Volda / Ørsta

Kort om turen

Ein fin overgangstur frå Rystefeltet i Ørsta, via Pølsa og Melshornet, til Volda. Ruta er variert med bratte og slake parti, og du har flott utsikt heile vegen. Ruta endar ved bommen øvst i Raudemyrvegen.

Ruteskildring

Start ved Tussabygget og følg skogsvegen eit stykke. Etterkvart ser du ein sti på høgre side. Denne kan du følgje, eller du kan gå skogsvegen til du møter kryssande sti. Stien er steinsett og hellelagd og er tørr og fin å gå på. Følg stien til du kjem til eit skilt "Pølsa". Stien er tydeleg opp bakkane til Pølsa. Turen frå Tussabygget og til Pølsa er ei mykje nytta trimrute. Når du kjem ut av skogen, får du flott utsikt i mange retningar. Etterkvart ser du ei vindpølse på toppen av bakken; dette er Pølsa. Herifrå fyl du ryggen bakover mot Melshornet. Du har god sikt i mange retningar, så nyt utsynet! Du kan velje å krysse over til Dinglavatnet dersom du ikkje vil gå via Melshornet. Sjå etter ein stor stein med svake piler (N62° 10.635' E6° 07.671'). Her går stien over til Dinglavatnet. Siste bakken opp til Melshornet har godt synleg sti. Det er ikkje veldig langt opp, men litt bratt. Ta deg tid til å nyte utsikta frå toppen! Om du vil kan du registerere deg i den digitale fjellboka (http://www.gjesteboka.no). Frå Melshornet fyl du ein godt synleg sti ned til Dinglavatnet og tek skogsvegen vidare ned til Volda sentrum. I svingen nedanfor Turnhytta (N62° 09.634' E6° 06.774') kan du følgje sti til Heltne/Bratteberg. På skogsvegen ned att passerer du ein minnestein over dei falne i Røyshyttebakken. Du passerer også Prestesætra (N62° 09.391' E6° 05.399'). Eit fint utsiktspunkt med ein ny gapahuk som Volda rotaryklubb har sett opp. Ta gjerne ein rast her. Frå Prestesætra kan du gå snarveg på sti gjennom skogen eller følge skogsvegen. Ruta går ned til bommen øvst i Raudemyrvegen. NB! I 2018/19 er det utbygging av eit større byggefelt (Håmyra) som kanskje gjer at stiar/vegar har alternative ruter i perioder. Skal du til Engeset/Klepp, kan du ta av på skogsveg vestover like før du kjem til bommen (N62° 09.280' E6° 04.994'). Skogsvegen går til Grinda.

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta sentrum følgjer du E39 i retning Volda. Ta av mot Rystefeltet. Køyr Osborgvegen, Oklavegen og Osskarvegen. I krysset Oklavegen/Osskarvegen er det skilta mot Melshornet. Køyr Osskarvegen til endes og fortsett til du kjem til eit Tussabygg, eller du kan starte i svingen eit par hundre meter ovanfor dette bygget. Ruta som er omtala her startar ved Tussabygget. God med plass ved Tussabygget
Fottur
Blå
Lengde
7,7 km en vei
Stigning
674 m
Tidsbruk
5 t. 35 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,7

Offentleg transport

Buss mellom Volda og Ørsta http://www.frammr.no

Anna

Det er eit stort netteverk av stiar i området. Du kan difor gjere mange val av ruter viss du vil gå mellom Volda og Ørsta. Dette er berre eit av mange val. Når du kjem til Dinglavatnet kan ein variant vere å gå til Vardehornet og kome ned att på vegen i området ved Prestesætra. Då forlengar du turen litt og du får ein tur som stort sett går på sti.

Kart

Nærturkart Volda (dekker den dele av turen som går i Volda kommune). Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut