English

Ørnetua - frå Gusdal/Åheim

Vanylven

Kort om turen

Ein forholdsvis lettgått tur der meir enn halve turen går på god grusvei. I starten går ruta langs Gusdalbruddet. Fra dette dagbruddet tek Sibelco Nordic på Åheim årleg ut rundt 2 million tonn olivinstein som blir knust og sikta ut i forskjellige fraksjonar. Noko blir også vidareforedla til ildfaste produkt. Steinen blir frakta frå buddet og ned til anlegget på Åheim ved hjelp av eit 4 km langt transportband som går i tunnel gjennom fjellet og kjem ut ved fjorden der anlegget ligg. Sibelco Nordic På turen passerer ein det idylliske Skjevatnet der det også er fiskemuligheter. Frå toppen har ein god utsikt i alle retningar. Dette er ei av i alt 3 ruter som går til Ørnetua. Dei to andre går frå Kilebrekka/Syvde og Syltedalen/Sylte. Turen frå Kilebrekka er beskrevet på morotur. Ørnetua – frå Kilebrekka – rute 69 - Turer - Morotur - Møre og Romsdal fylkeskommune Dersom ein ynskjer ein lenger tur kan det være eit godt alternativ å forlenge turen mot Kilebrekka og gjerne om Bjørnen.Bjørnen – rundtur Kilebrekka – Bjørnen – Øverberg – rute 55B / 69 - Turer - Morotur - Møre og Romsdal fylkeskommune

Ruteskildring

Turen starter ved olivinbruddet i Gusdalen. Følg grusveien som går opp på vestsida av bruddet. Det er skilta mot Ørnetua ved rutestart. Etter om lag 2,2 km passerer ein Berge-gårdane som vart fråflytta grunna utviding av olivinbruddet. Ein har her panoramautsikt over olivinbruddet. 200-300 m etter husa på Berge deler vegen seg. Ta vegen til venstre og fortset på traktorveg. Eit par hundre meter etter at vegen deler seg passerer ein ei grind. Denne må ein late att etter seg da det kan være dyr på beite. Det er no merka med blått på steinar eller tre eller med blå merkepinnar. 300 m etter grinda svingar traktorvegen først til venstre og rett etter til høgre. Rett etter høgresvingen tek ein av fra traktorvegen mot høgre. Det er skilta mot Ørnetua der ein skal ta av. Ein kjem no inn på god sti gjennom skogen. Etter rundt 150 m gjennom skogen er ein ved det idylliske Skjevatnet. Ein møter her ruta fra Syltedalen og ser merkepinnen til denne ruta framfor hytta. Ruta går no på steinbru over elva rett nedanfor elveosen. Det er ikkje så god sti på resten av turen, men det er godt merka og helt greit å gå. Det kan være sleipt på nokre bergknausar ovanfor Skjevatnet, men disse kan ein lett gå utenom. Om lag 600 m etter Skjevatnet tek ein til venstre for å komme opp på ryggen som fører til Ørnetua. Knapt 100 m deretter tek ruta ein knapp høgresving før ein er opp på ryggen som ein følgjer heilt til topps. Retur same veg. Eventuelt kan ein gå mot Kilebrekka eller ta ruta mot Syltedalen.

Tilkomst og parkering

I krysset på Åheim, nord for elva, tek ein av mot Sunndal/Almklov. Etter 4 km kjem ein til Gusdal og krysset mot Almklov, her tek ein til venstre. Det er skilta mot Almklov. 5-600 m etter krysset er ein ved olivinbruddet. Parker på motsatt side av vegen i forhold til bruddet. På andre sida av vegen er det skilta mot Ørnetua. Gratis og god parkering ved rutestart i Gusdalen ved avkøyringa til olivinbruddet.
Fottur
Blå
Lengde
8,1 km tur/retur
Stigning
495 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,5

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.
Køyreskildring
Print ut