English

Ørnehaugen

Aukra

Kort om turen

Ørnehaugen er eit av dei mest besøkte turmåla i Aukra. På toppen av Ørnehaugen er det flott utsyn over Ormen Lange-anlegget på Nyhamna. Ein har også flott utsyn mot Bud og Bjørnsund. Det er fleire informasjonstavler på turen som ein bør ta seg tid til å lese.

Ruteskildring

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Følg skilt til Nyhamna. Når du kjem til Ormen Lange-anlegget, ta til høgre i krysset ved administrasjonsbygget til Shell. Parker på turparkering på motsatt side av veien for pumpestasjonen (gult bygg) på Eikrem (v. Ormen Lange-anlegget). Følg ny sti langs skogkanten til veg v. lagerbygg på Shell. Her står det ei informasjonstavle. Følg vidare traktorveg til nokre bord og benkar. Ta til venstre og følg sti ut til Ørnehaugen. På toppen av Ørnehaugen er det flott utsyn over Ormen Lange-anlegget på Nyhamna. Ein har også flott utsyn mot Bud og Bjørnsund. Det er fleire informasjonstavler på turen som ein bør ta seg tid til å lese.

Tilkomst og parkering

Parkeringsplass på motsatt side av pumpestasjonen på Eikrem. Parkering på motsatt side av pumpestasjonen på Eikrem. Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Blå
Lengde
1,98 km en vei
Stigning
29 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Høyeste punkt
39 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,6

Offentleg transport

Aukra Auto frå Molde til Hollingsholm, og ferga over. http://www.aukra.kommune.no
Køyreskildring
Print ut