English

Nyklen

Vanylven

Kort om turen

Turen til Nyklen er ein lett skitur, men du kjem rett inn i eit område der du får sjå kva Syvdefjella har å by på av skiterreng. Sjå også skiturane Sandfjelltua og Vikehornet, dei har same startruta som turen til Nyklen. Turen er her sett opp med start ved Bruvatnet, då er turen 7,6 km t/r og 650 hm, vegen til Bruvatnet vert vanlegvis åpna til Påske, før Påske og ved mykje snø må du starte turen på parkeringsplassen i Nordalen, då vert turen ca 12 km t/r og 950 hm. Uti mai kan du vere så heldig at vegen er åpen heilt fram til Kvanndalsvatnet, då vert turen ca 5,5 km t/r og 500 hm.

Rutebeskrivelse

Turen startar ved Bruvatnet, dersom fjellvegen ikkje er åpen må du starte på parkeringsplassen i Nordalen og gå fjellvegen fram til Bruvatnet, derifrå går du fjellvegen framover mot Kvanndalsvatnet, ca 500m før Kvanndalsvatnet tek du til høgre opp sida mot Skoravatnet. Når du kjem opp til Skoravatnet går du på sørsida av vatnet og over kanten mot Sandfjelldalen på lavaste punktet, så går du nedi Sandfjelldalen og tek til høgre og går nordover dalen, då har du Nyklen rett mot nordvest, toppen er ikkje synleg frå Sandfjelldalen, først når du nærmar deg toppen ser du sjølve topp-punktet. Pass på når du kjem oppå Nyklen, den er ganske flat oppå så det er vanskeleg å finne eit topp-punkt og mot nordaust brukar der ofte å henge ein stor skavl som det er farleg å gå utpå.

Adkomst og parkering

Køyr fv 652 til Syvde, ta av til Nordal på nordaustsida av Syvde sentrum og køyr så langt fram i Nordalen som det går. God parkeringsplass ved Bruvatnet, dersom vegen ikkje er åpen må du parkere på parkeringsplass fremst i Nordalen, etter kvart som fjellvegen vert åpna er der mange parkeringsplassar ved vegen.
Skitur
Rød
Lengde
7,6 km tur/retur
Stigning
650 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Kart

På tur i Vanylven, M711 1119 II, sunnmorskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut