English

Nyken, rute 59

Vanylven

Kort om turen

Ein lettgått tur. Turen blir ofte kombinert med lengre turar, enten via Vaulsnipa eller vidare til Tusshornet. Nyken er eit flott utsiktspunkt.Vaulvatnet, ved rutestart, er eit godt fiskevatn.

Rutebeskrivelse

Ruta startar frå ”Vassenden” (den nordlige enden av Vaulvatnet), som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Ved parkeringa er det skilt som viser retninga. Ruta er godt merka og går frå skiltet rett oppover i vestlig retning. Etter ca. ein halv km tek ein litt til høgre og går deretter ryggen oppover mot høgste punkt på ruta der ein tek til høgre og går nedover mot Nyken. Ved høgste punktet er retninga skilta. Ein bør her ta ein tur ut på kanten bak skiltet og nyte utsikta.

Adkomst og parkering

Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61. Parkeringa og rutestart ligg på Maurstadeidet, 3,8 km frå krysset på Åheim. Ein finn parkeringa ved enden av Vaulvatnet rett etter at ein kjem opp på flata etter å ha køyrt opp svingane frå Åheim. Gratis parkering ved rutestart.
Fottur
Grønn
Lengde
2,88 km tur/retur
Stigning
235 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Underlag Lengde i km
Sti 2,78

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.
Print ut