English

Nupatinden

Sande

Kort om turen

Nupatinden har flott utsikt over øyane i ytre Sande, Gurskefjorden, Hallefjorden og du ser langt til havs. Fin tur i lett terreng. Larsnes I.L. har trimpost på toppen. Sjå også turbeskrivelsen om Storehornet/Sandviktua.

Ruteskildring

Råsa byrjar på vestsida av vegen på høgste punktet på Drageskaret, går så vestover, først over nokre myrar, råsa går så etter ryggen utover til toppen av Storehornet, derifrå går råsa bratt nedover og går så etter høgste ryggen vestover til Nupatinden. God rås, men kan vere litt vått over myrane ved regnver. Råsa er godt merka til naturreservatgrensa, derifrå og til toppen er den umerka men god.

Tilkomst og parkering

Drageskaret på fv.61 mellom Gursken og Larsnes. God parkering på parkeringsplass på høgste punktet på Drageskaret.

Fottur
Blå
Lengde
7,11 km tur/retur
Stigning
309 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
271 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Marker
0.00.51.01.52.02.53.03.54.04.55.05.56.06.57.0km180200220240260m
Underlag Lengde i km
Sti 7,2

Offentleg transport

frammr.no

Anna

Nupatinden er fuglefredingsområde, så i perioda 1 mai - 31 juli er det kun lovleg å gå i råsa ut til toppen, det er ikkje lovleg å gå utanom råsa i denne perioda.

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III Vanylven, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut