English

Nordmørskaret

Molde

Kort om turen

Dette er ein veldig fin tur i slakt terreng og med storslagen utsikt til majestetane Skjorta og Ryssdalsnebba. Det er også fint å fortsette til det neste vatnet i retning Jordalsgrenda. Alternativt kan du avtale med andre i forhold til transport om å gå kvar sin veg. Nokon startar frå Gaddhaugen på Eresfjordsida mens dei andre starter frå Jordalsgrenda.

Ruteskildring

På Gaddhaugen parkerer du og følger til fots blåmerka stolper rett forbi dei to første hyttene til du kjem inn på tydeleg sti. Etter nokre hundre meter kjem du inn i Eikesdalsvatnet landskapsverneområde.Du følger stien langs venstre side av elva (vestsida) kalla Fremste Tverrelva, det er 2,36 km fram til kassa med turboka. Den er plassert ved det første vesle vatnet (779 moh) du kjem til i Nordmørsskaret. Tar du med deg fiskestang kan du godt prøve å fiske i det vesle vatnet. Alternativt gå ca 25 minutter lenger og opp til Trollbotnen 922 moh. Her får du garantert fisk. Men den er liten! Vis omsyn til sauene.

Husk båndtvang!

Tilkomst og parkering

Køyr til Eresfjord og følg FV 192 (austsida av bygda) til kryss med skilt til Grandsetra (same vegen som til Kanndalen) Ta av her og følg denne vegen beint fram i 6,5 km forbi Bjørbakken og Grandsetra og fram til Kanndalen, forbi Storstølen og fram til enden av vegen, seterstølen Gaddhaugen. Siste 3,6 km er bomveg. Husk kontanter kr.50,- Eller bruk VIPPS til 666634. Husk også å ha igjen dei to grindene du må passere på bilvegen. Parkering på Gaddhaugen.
Fottur
Blå
Lengde
2,5 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
779 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Nei

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Det var setring på Storstølen og Gaddhaugen i Kanndalen fram til midten av 1960-tallet. I dag er seterbuene brukt som hytter.

Kart

Kartblad 1320 II og kartblad 1420 III

Lenke til turskildring

Om du ynskjer informasjon om Eresfjord er dette ein nyttig link. https://www.eresfjord.no/

Betalingsmiddel for bomvei

Kontanter kr. 50,- eller VIPPS til 666634
Køyreskildring
Print ut