English

Nøringset-Eltraneset-Sandvika

Sula

Kort om turen

P-plass i Sandvika (Langevåg) N62 26.354 E6 09.537

Ruteskildring

Følg den mosegrodde kjerrevegen etter brua over Storelva. Etter ca 100 meter deler denne seg og du skal gå rett fram. Følg kyst sti med lauvskog og svaberg, og med utsikt til Sulafjorden og Hareidlandet. Etter ca 2-3 timar kjem du til Eltraneset. Her opnar landskapet seg og ein går i ope og lett terreng på nordsida av Sula til parkeringsplassen i Sandvika. Registreringsboka finn du ved dei gamle murane heilt nordvest på Sula.

Tilkomst og parkering

Utgangspunktet er frå P-plassen ved enden av Nøringsetvegen – så langt du kjem med bil på sørsida av Sula. Ta av frå Sulavegen på bakketoppen før fergekaia Sulasund-Hareid, og følg Nøringsetvegen til ende, ca 4 km. NB! Dette er ikkje ein rundtur og den krev litt logistikk. Parker ein bil på parkeringsplassen i Sandvika (Langevåg) eller få nokon til å hente. P-plass på Nøringset N62 24.355 E6 06.204
Fottur
Rød
Lengde
10 km en vei
Stigning
282 m
Tidsbruk
5 t. 20 min.
Høyeste punkt
119 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10

Kart

Turkart Ålesund. Målestokk 1: 50 000
Køyreskildring
Print ut