English

Nøringset

Sula

Kort om turen

Sjå beskriving over. Tidsbruk - ca 20 min.

Ruteskildring

Følg den mosegrodde kjerrevegen etter brua over Storelva. Etter ca 100 meter deler denne seg og du skal holde til høgre og følgje skiltinga mot Gjerdet og Eltrane. Her kjem ein lang motbakke på fin kjerreveg med flotte mosegrodde steinar etter gamle ras og tomtegrenser. I det den flatar ut kjem du opp på bøane. Her finn du Stikk Ut-posten. Turstien går vidare til fjells og kan anbefalast. Hugs at du no er på sørsida og at du på ein solrik dag kan møte på hoggorm. Ta på deg gode sko. Det er og mykje flått i området så sjekk alltid kroppen etter ein tur.

Tilkomst og parkering

Utgangspunktet er frå P-plassen ved enden av Nøringsetvegen – så langt du kjem med bil på sørsida av Sula. Ta av frå Sulavegen på bakketoppen før fergekaia Sulasund-Hareid, og følg Nøringsetvegen til ende, ca 4 km. P-plass på Nøringset N62 24.355 E6 06.204 Ver merksam på at det er svært smal veg med få møteplasser langs Nøringsetvegen. Vis derfor ekstra varsam når du køyrer denne strekninga. Eit alternativ er å parkere på stor parkeringsplass ved ferjekaia og ta spaserturen langs Nøringsetvegen fram til turmålet.
Fottur
Grønn
Lengde
0,54 km en vei
Stigning
107 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
146 moh

Løype på kart

Kart

Turkart Ålesund. Målestokk 1: 50 000
Køyreskildring
Print ut