English

Niven/Ring frå Klepp

Volda

Kort om turen

Turen til Ring/Niven passar både som familietur og som trimtur. Ring er ein stor stein. Det blir sagt at det var eit troll som heitte Kong Ring som sette seg på steinen og at det difor er eit rumpemerke i steinen. Frå Ring har ein vidt utsyn. Turen er lett tilgjengelig frå dei fleste delar av Volda sentrum, også utan bil.

Ruteskildring

Start på sti like nedanfor Kleppevegen 69. Like nedanfor eit steinbord står ein staur med eldre skilt. Her er også eit nytt skilt som viser retninga mot Ring. Følg skilting mot Ring; først på ein gamal traktorveg og etterkvart sti. Når du kjem til ei elv etter omlag 200-300 m, kryssar du elva og tek til høgre (følg skilt). Turen går på sti oppover langs Kvernelva/Skareelva heilt opp til Ekslidhaugane. Gå langs elva heile vegen! Ved Ekslidhaugane deler stien seg. Begge fører til Ring, men sporloggen her viser stien som går rett fram langs elva. Denne stien er tørrast. 
Det er fleire benkar langs stien, så det er fint å ta seg ein rast for å kvile beina eller berre for å nyte roa og freden i naturen.

Medan du et nista di på Ring, kan du følgje med på flya på Ørsta/Volda lufthamn eller nyte utsikta mot Helgehornet, Lidaveten, Hovdebygda, Ørsta, utover Ørstafjorden, og du har også godt utsyn mot Folkestad. Det er fleire benkar undervegs som du kan kvile eller raste på.

Tilkomst og parkering

Turen startar øvst på Klepp. Køyrer du, kan du parkere like ved ein leikeplass (ved Kleppevegen 74/76)
Fottur
Blå
Lengde
2 km en vei
Stigning
347 m
Tidsbruk
1 t 30 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
511 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Nei, men frå Volda sentrum er det greit å gå til start

Anna

Ruta er skilta og merka med raude merkepinnar

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart for Volda sentrum (september 2013)
Køyreskildring
Print ut