English

Nissevegen

Ulstein

Kort om turen

Turen passar godt for familiar (større born), sjølv om ruta er lang, og gir flott utsikt mot fjordane og øyane rundt. Ei flott rundløype, der du går gjennom skog, og på berg, og vidare på gangveg/grusveg deler av ruta tilbake til start.

Ruteskildring

Råsa startar ved Aursnesskogen, ca. 200 m aust for bebyggelsen på Aursneset, ved Selvågvegen. Stien går i kupert terreng opp mot ryggen som går på nedsida av Selvågvatnet, vidare opp ein bratt fjellskrent, som fører deg til det høgste punktet på turen, Flatbergsheida. Vidare går du nedover sti på nakne fjell, og noko skog til du møter ei elv. Her tek ein til høgre, og følgjer elva nedover, til du kjem til Britahaugen byggefelt. Herifrå følgjer du vegen til hovudvegen, over gangbrua og tilbake til Aursnesskogen på gangveg/grusveg.

Tilkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like før Selvågtunnellen tek du av til venstre, og køyrer forbi bebyggelsen i Selvågen. Nokre hundre meter før du kjem til Aursneset, finn du råsa opp mot Nissevegen frå Aursnesskogen. Her er plass til nokre få bilar. Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av til høgre mot Selvåg rett etter Selvågtunnellen. Det er plass til nokre få bilar ved star
Fottur
Blå
Lengde
4,83 km rundtur
Stigning
181 m
Tidsbruk
2 t.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
204 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,2
Grus 1,0
Sti 2,6

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut