English

Gjøna, Nipa frå Haugsbygda

Sande

Kort om turen

Flott utsikt over heile ytre søre og havet. Deler av råsa fylgjer den gamle kløvvegen mellom Haugsbygda og Gjerdsvika som var i bruk til det vart bygd veg rundt Gjøneset. Gjerdsvika I.L. har trimpost på Gjøna/Nipa. Der er også sikterose slik at du får sjå kva dei omkringliggande fjella heiter. Ca 300 m nedanfor Gjøna/Nipa ligg gapahuken Gjønasikt. 

Ruteskildring

Start i Haugelia byggefelt. Råsa byrjar mellom dei to siste husa i byggefeltet. Råsa går først gjennom skogen, kan vere litt vått her på enkelte parti, oppom skogen kjem du opp på Dalen med restar etter gamle vårfjøsar. Derifrå fylgjer råsa den gamle kløvvegen som er oppmura oppigjennom fjellsida. Når du kjem opptil høgspentlinja tek du til venstre og fylgjer høgspentlinja til neste stolpesett,då tek du til venstre igjen og fylgjer råsa opp ryggen til neste høgspentlinje, då deler råsa seg, den til venstre går over myrane til Saursegga og vidare til Gjøna/Nipa, den til høgre går til Hanen og vidare til Saursegga og Gjøna/Nipa, begge råsene ligg i GPX fila. Når du kjem bort til ryggen opp til Saursegga går råsa etter høgste ryggen over Saursegga og ned til lavaste punktet mellom Saursegga og Gjøna/Nipa, derifrå går råsa til høgre og går opp på nordsida av det brattaste partiet, då er det berre å gå ryggen ut til toppen. Når du kjem opp er det vel verdt slitet, herifrå har du ei fantastisk utsikt. OBS Vis varsemd, svært bratt utføre på sørsida.

Tilkomst og parkering

Haugelia i Haugsbygda. Ta av frå fv 61 i Gursken på fv 5868 skilta mot Haugsbygda, køyr 4km, ta til høgre skilta Vonheim, køyr 1km, ta til høgre etter gamal skulebygning og køyr heilt til topps i Haugelia byggefelt. God parkering på austsida av dei øverste husa i byggefeltet.
Fottur
Rød
Lengde
8,04 km tur/retur
Stigning
695 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
531 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 7,7

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, M711 1119 IV, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut