Nessætra eller Høgestøylen, som den også vert kalla, er ei av mange sætrar i Austefjorden. Valborg Hustadnes skriv dette i boka "Sætreliv i Voldafjell": "Høgestøylen er sæter for gardane Nes, Hjellbakkane og Orsneset i Austefjorden. Ho ligg høgt og fritt på nordsida av dalføret. Ikkje mange sætrar har ei utsikt som kan måle seg med den du ser her." I dag står det att tre sel: Orsnesselet, Endreselet og Erkeselet. Det vert sagt om murane på Endre- og Erkesela at dei er så fine at dei burde ha stått attmed kyrkja, så alle kunne få sjå dei. Det er ikkje mange som tek turen opp til Nessætra, men dei seinare åra har stien vorte merka og rydda. Så no er det lett å finne vegen og vel verdt å ta seg ein tur.
Start ved E39 der det er skilta til sætra. Du ser skilt og raudemerking ved eit stort tre like ovanfor vegen. Følg raudemerka heilt til topps. Stien er stort sett grei å sjå, men nokre plassar kan han vere litt utydeleg. Då er det berre å sjå seg om etter raudemerking så finn du ruta du skal gå. I starten er det ikkje så kraftig stigning. Midtvegs (N62° 03.995' E6° 21.898') frå omlag 275 m.o.h., stig det nokså bratt oppover lia, før det igjen flatar litt ut etter Holehjellane og opp til sætra.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 4,9 |